Om Unicornis

Selskapet som forenklar organisasjonsdrifta

Unicornis er eit kunde-eigd selskap som vart starta for å gjere det enklare å drive organisasjon i Noreg. Vi samlar dei klokaste folka innan krysninga programmering og organisasjondrift til å levere medlemsregister og andre nett-løysningar..

Datafolka som kan organisasjon

Ein gjennomsnittleg utviklar hjå Unicornis har over ti år med organisasjonserfaring bak seg, og alle saman er aktive i organisasjonar. Denne unike kompetansen gjer at når du snakkar med nokon hjå Unicornis – frå brukarstøte til utviklarar og driftspersonalet, så er dei ekspertar på sitt fagfelt og organisasjonar.

Styret som bryr seg om meir enn bunnlinja

Selskapet sitt styre består av representantar frå kundane og brukarar kombinert med personar som har spesialkompetanse. I styret vårt sit to som har vore i offentlege tildelingsutval år etter år, generalsekretærar frå ulike organisasjonar, personar med erfaring frå personvernkommisjonen og mykje meir. Felles for alle desse er at dei bryr seg om forenkling og organisasjonsarbeid – ikkje berre bunnlinja til selskapet.

Vi bryr oss om personvern

For oss er ikkje personvern og GDPR noko som blir huka av og seier «ferdig» på, det er ein kontinuerleg prosess som dekker alle delar av selskapet – frå planlegging, utvikling og drift av systema våre samt rådgjeving av kundane våre. Vi har sjølvsagt kompetanse innan IT-tryggleik og personvern blant tilsette, men visste du at i styret vårt er eit medlem av Personvernkommisjonen?

Innebygd personvern

Våre system er utvikla med tanke på personvern. Frå tilgangsstyring på rolle-basis som går ut av seg sjølv til fleir-faktor innlogging, gode loggsystem, revisjonar og liknande til periodisk sletting og anonymisering, er personvern noko vi tenker gjennom kvar gong vi lagar noko nytt.

Vi kan støtteordninger

Mange norske organisasjoner mottar statsstøtte basert på medlemstall, aktivitet og andre kriterier. Unicornis har siden 2006 arbeidet med akkurat støtteordninger av alle slags typer, og særlig de nasjonale ordningene for barne- og ungdomsorganisasjoner samt kursstøtte.

Forskrift og regelverk for støtteordninger er tett integrert i våre løsninger, og systemene våre er naturligvis laga for å innhente og behandle informasjonen rett.

Våre ansatte fra utviklere til brukerstøtte har vært på begge sider av “bordet” på støtteordninger; fra innhenting av grunnlagstall og søknad om støtte til å forvalte små og store støtteordninger. Vi har selv arbeidet med utforming og tolking av regelverk – når du snakker med oss, snakker vi deres språk.

Det kunde-eigde selskapet

Dei fleiste IT-selskap har som mål å tene pengar for eigarane sine. Våre eigarar er kundane våre, og vårt mål er å skape nye løysninger som forenklar kvardagen til organisasjonar og som opnar opp ny funksjonalitet for fleire, store som små.

Utan profitt-mål

Sidan vi er kunde-eigd kan vi fokusere på å skape beste rammer for alle som tek våre løysninger i bruk, og ikkje å skape forteneste for privatpersonar.